Tema for møtet:
- Nye kommunale næringsfond (Ulstein kommune)
- Ulstein kommune har fått tildelt midlar for å motverke pandemien i tre omgonger. Formannskapet set statuttane for tildeling og kommunalsjef Monica Cecilie Torp vil informere om kva ein kan søke støtte til og korleis ein søker.
- HoppID-ordninga (ÅKP)
- HoppID.no er fylkeskommunen si gratisteneste for gründerar og iverksettarar. Tenesta er gratis og rådgjevingskontoret i Ulstein v/Robert Voldnes vil presentere ordninga.
- Verkemiddelapparatet (ÅKP)
- Gjennom verkemiddelapparatet, kan ÅKP bistå bedrifter og gründerar i ulike faser av oppstart og prosjekt. Seniorrådgjevar Robert Voldnes vil gå gjennom dei ulike programma og ordningane.
- Skaparhuset (Skaparhuset/iKuben)
- Midt i Ulsteinvik ligg regionen sitt skaparhus. Ein multi-verkstad for kreative prosessar, prototypar og krysning mellom bransjar, generasjonar og kompetansar. Dine mulegheiter presenterast av dagleg leiar Kjersti Kleven.
- Næringsutvikling (Ulstein Næringsforum)
- Di lokale næringsforeining arbeider for at næringslivet i Ulstein skal kunne forløse heile sitt potensiale. Dagleg leiar Daniel Garden informerer om prosjekta UNF arbeider med.