-Formannskapet har bestemt at dei blir ført inn i same ordninga med dei reglane som ligg føre, seier kommunalsjef for organisasjon og utvikling, Monica Cecilie Torp.

Så langt har 13 verksemder med til saman 95 tilsette motteke støtte. Støtta er tenkt å styrke dei tre mest utsette bransjane i kommunen, uavhengig korleis dei har vorte råka av pandemien. -Det er verfta, reiselivsnæringa og serveringsbransjen som skal få desse pengane, forklarar dagleg leiar i UNF, Daniel Garden.

Ulstein Næringsforum vil dei næraste dagane kontakte alle registrerte aktørar som er kvalifiserte for å søke ordninga med oppfordring om å registrere seg for tilskot, og evt bistå med rådgjeving til dei som treng det.