Vi ser etter ein leiar som er initiativrik, har stor gjennomføringsevne og har utdanning frå høgskule eller universitet. Du har relevant leiarerfaring frå næringslivet og eit stort nettverk både lokalt, nasjonalt og gjerne internasjonalt.
Ulstein er vertskap for mange teknologi-verksemder som utgjer ein viktig del av den maritime klynga. UNF sin leiar skal arbeide for å styrke Ulstein sin posisjon i klynga, så vel som å legge til rette for vidare utvikling av næringsaktivitet i Ulstein. For å bygge vidare på Ulstein sin posisjon og omdøme står UNF som arrangør av relevante og aktuelle arrangement, kurs og konferanser og dette vert ei sentral oppgåve framover for vår ny leiar.
Ulsteinvik har eit variert og veksande tilbod innanfor handel og service, og har eit stort potensiale for vidare utvikling.
Vi er opptekne av at næringslivet i Ulstein skal ha dei beste føresetnadane for å utvikle seg, og at Ulstein skal vere første valet ved etablering, og med det styrke Ulsteinvik som regionsenter. UNF skal legge til rette for at samarbeidet mellom kommunen og næringslivet vert ytterlegare styrka.
Vi tilbyr spennande og utfordrande oppgåver der du får bruke erfaring, nettverk og personlege eigenskapar til å gi næringslivet i Ulstein eit løft. Tilsetting på konkurransedyktige vilkår.
Spørsmål om stillinga og søknad med CV kan rettast til styreleiar Are Garshol tlf. 915 83 660, e-mail styreleiar@ulstein-nf.no. ( www.ulstein-nf.no ) Alle førespurnader vert handsama fortruleg.
Søknadsfrist 17.06.2021