Skular og organisasjonar i Ulstein

Dei tre store skuleeigarane i Ulstein er Ulstein kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Sunnmøre Folkehøgskule. I tillegg har vi eit mangfald i idretts-, kultur og interesseorganisasjonar.

Foto: Nærnett/Høgskulen i Volda

Teknologiskulen i Ulstein

Ulstein kommune set gjennom prosjektet Teknologiskulen fokus på å utvikla kompetente born og ungdom for ei ny tid. Vi vil leggja til rette for at oppveksande generasjonar kan verta premissleverandørar og produsentar av teknologi, meir enn berre konsumentar av den same teknologien. Dette krev innsikt og forståing av dei prosessane som driv teknologien som omgjev oss på alle kantar, og som har vorte ein sentral del av kvardagen til alle. Teknologiskulen tek problematikk knytt til det teknologiske klasseskiljet på alvor, og sikrar alle born den same grunnundervisinga og kompetansen innanfor fag som programmering/koding/teknologilæring.
– Audun Hopland, Ulstein ungdomsskule

Ulsteinmodellen

Ulstein-modellen er ein skuleutviklingsmodell der ein arbeider med kompetanseutvikling med heile organisasjonen samtidig. Modellen har basis i forsking på digital skuleutvikling og omvendt læring, der ein kombinerer nettleksjonar, utviklingsarbeid i eige klasserom og samlingar. Modellen er utarbeida av Høgskulen i Volda saman med Ulstein kommune. Meir informasjon på sidene til Høgskulen i Volda.

Idrett, kultur og engasjement

Den frivillige sektoren i Ulstein er stor og har fostra fram suksessar i mange tiår. Skulekorps, interesseforeiningar, kunst, festivalar og mykje meir. Bransjegruppa for skular og lag er med på å gjere lokalsamfunnet i Ulstein ein god stad å bu og å vekse opp. Og for næringslivet skapar dette grobotn for god rekruttering, og øvrig infrastruktur for god forretningsdrift.

Som medlem av Ulstein Næringsforum kjem opplæring og lokalt nærlingsliv i tettare kontakt med kvarandre: Næringslivet får betre kjennskap til utdanningsløpa våre og vi til muligheitene næringslivet kan gje elevane.
Margaret Alme, Ulstein vidaregåande skule