Aido er eit teknologiselskap som hjelp bedrifter å spare tid og kostnadar. Teamet består av Håvard i Ulsteinvik, Sufyan i Tromsø, Steffen i Ålesund og Marius i Portugal.
Dei tilbyr tenesta innan timeregistrering, turnus og skiftordningar, vikar- og ressurskoordinering, ferie og fråværsoversikt, i tillegg til å halde kontroll på prosjekttid og fakturerbar tid. Løysinga er modulbaserte, og ein kan tilpasse pris og funksjonalitet etter behov. Denne løysinga er både for bedrifter med fem tilsette som berre treng registrering av tid, ferie og fråvær, større bedrifter med meir samansette behov, og alle bedrifter i mellom.
Aido ønskjer å være ein aktiv bidragsytar innan sosial berekraft. I sitt arbeid med dette tilbyr dei rabattert pris på sine løysingar til veldedige organisasjonar. Dei verdsett både menneskjer og teknologi – i den rekkjefølgja. Dei er bevist på at digitalisering handlar like mykje om kulturen i bedrifta som teknologien som vert teke i bruk.
For Aido er medlemskapet i Ulstein Næringsforum viktig for å utvikle seg, være synlege og for å ta del i å skape synergieffektar i det lokale næringslivet. Dei har mykje å lære bort, og mykje å lære av andre. Dei har både ny og godt utvikla teknologi, fokus på kunden og er i rask utvikling. Dei er nysgjerrige på det lokale næringslivet, ønskjer å lære og utvikle seg saman med andre, og har mykje nyttig teknologi å tilby.
Akkurat no vil dei gi eit ekstra handslag til lokalt næringsliv, og gir 50% rabatt til alle medlem i Ulstein Næringsforum som vert kunde i april 2023.