Rekneskapsselskapet Driv Økonomi AS er eit godkjent rekneskapsselskap med omlag 330 kundar – både små og store, fordelt på ulike bransjar. Dei fleste kundane deira held til på Søre Sunnmøre, nokre i Ålesundsområdet, og nokre få andre stadar i landet. Dagens Driv Økonomi AS starta i 2019, og var opphavleg Moldskred Rekneskapskontor AS etablert i 1980. Så i 2020 kunne dei feire 40 års jubileum! Byrået er drive av Kristian Waage, Linda Bratli Vågen og Tine Skaar Berg, og i dag består teamet av 12 tilsette.

Å føre rekneskap for ein kunde kan omhandle bokføring, fakturering, lønn, årsoppgjer og skattemelding mm. Dei kan gjere heile jobben, men er opptatt av å tilby kundane sine moderne løysingar i form av gode rekneskapssystem som automatiserer, effektiviserer og gjer rekneskapsarbeidet meir økonomisk for kunden.

Driv Økonomi AS er glade for fellesskapet og erfaringane ein deler med kvarandre i Ulstein Næringsforum. Prosjektet vedrørande traineeprogram og rekruttering synest dei er særs interessant. Vidare er dei positive til at Ulstein Næringsforum deltek på messer, som for eksempel «Bli med hit» som vart arrangert i Trondheim 13. november 2023. Dei har stor trur på at dette vil hjelpe på rekrutteringa til regionen. Det er viktig å ha eit organ som kan framsnakke vår region.

Til slutt ønsker dei å oppfordre alle til å handle lokalt. Eit aktivt, lokalt næringsliv med eit breitt tilbod vil gi staden liv og ein felles møtestad for oss som innbyggarar. I tillegg vil det gjere område meir attraktivt for nyetablering og turisme.