Ulstein Næringsforum og Ulstein kommune ønsker å legge til rette for ein sosial og fagleg møteplass for byggnæringa på heile Søre der kunnskapsdeling, felles kompetanseløft, inspirasjon og motivasjon er målet.
Over to samlingar første og siste torsdagen i september set vi søkelys på bygg for framtida med berekraft og sirkularitet som sentrale stikkord.
Vi har invitert fleire dyktige og framoverlente aktørar frå fjern og nær som skal fortelje om prosjekta sine og arbeidet sitt med berekraft. Dette vil du ikkje gå glipp av!
PROGRAM 5. SEPTEMBER:
Ulstein Betongindustri
Ulstein Betongindustri er ein kjær og solid lokal aktør som evner å finne nye forretningsområde i ei utfordrande tid. Dei har byggeprosjekt både «til lands og til vanns» i form av lokal flåte- og flytekaiproduksjon på Haddal samt regionale bygnings- og grunnarbeidsprosjekt. Ulstein Betongindustri kjem til å snakke om korleis dei jobbar med optimal utnytting av betongvaren, vassreinsing ved vask av utstyr, fokus på kjeldesortering og gjenbruk samt lokale tiltak som strandrydding 💙
Mustad Eiendom
Mustad Eiendom er selskapet som står bak Lilleakerbyen i Oslo. Mustad Eiendom sitt rehabiliteringsprosjekt på eit gamalt industriområde på Lysaker blei nyleg framheva av Grønn Byggallianse som eit prakteksempel på eit berekraftig prosjekt. Prosjektet oppfylte alle Bygg21 sine kvalitetsprinsipp for berekraftige bygg og områder.
Eili Vigestad Berge er berekraftsdirektør i Mustad Eiendom og har lang og brei erfaring direkte med klima- og berekraftsarbeid innan byggnæringa, mellom anna i Grønn byggallianse og FutureBuilt.Vi gler oss til å høyre Eili fortelje om Mustad sine prosjekt!
Sporstøl Arkitekter
Teknisk arkitekt Sunniva Garshol skal fortelje oss om Sporstøl Arkitekter sitt ferskaste prosjekt, nemleg Kongsberg Maritime sitt berekraftige og totaloppgraderte kontorbygg her i Ulsteinvik.
Sunniva har variert erfaring og kompetanse spesielt retta mot berekraftige val i byggprosessen. Ho er utdanna i København, og har tidlegare jobba hos fleire framoverlente arkitektbyrå i Danmark. I Sporstøl Arkitekter jobbar ho med arkitekturprosjektering, og ho er miljøansvarleg og fagleg rettleiar innan mellom anna BREEAM-sertifisering.
Vi er så heldige å ha med Sunniva som programleiar både 5. og 26. september!
Vi oppdaterer fortløpande etter kvart som komplett program tek form, men sørg for å halde av datoane og spreie ordet vidare 😉
Gratis påmelding i lenka under.