-Vi er veldig bekymra! Desse kutta vil ha stor betydning for næringsliv og innbyggarar, seier dagleg leiar i Ulstein Næringsforum Anna Klara Måseide, leiar i MAFOSS, Jan Thormodsæter og prosjektleiar i Vekst i Hareid, Christine Erdal.
Vi er om lag 15 000 som bur på ei øy ut i havgapet. Vi har berre to vegar ut frå øya: den undersjøiske tunnelen Eiksundtunnelen, og sjøvegen frå Hareid ferge- eller hurtigbåtkai.
-Kvar dag pendlar tusenvis inn og ut av kommunane på Søre Sunnmøre. For oss på ytre Sunnmøre er ferga trikken, bussen og motorvegen vår. Ein er avhengig av ferge for å komme seg på jobb, og slik halde opp trykket, kompetansen og drifta i næringslivet – også kjent som hjartet i den internasjonale maritime klynga. For å nå eit av sjukehusa i regionen er ein avhengig av anten ferge/hurtigbåt eller åpen Eiksundtunnel. Å kutte i heilt sentralt fergetilbud i ein region som tel over 70 000 fastbuande, kan ha store og alvorlege konsekvensar, seier dei.
Når i tillegg både hurtigbåttakstane er planlagt auka frå 1.1.2025 (4,1 %) – sjølv etter ei auke i år på 4,3 % – og hurtigbåtruta Hareid-Ålesund-Valderøy kan bli kraftig råka, fryktar vi at det vil ha enorme konsekvensar for både næringsliv, innbyggarar og bulyst.
Å kutte kraftig i Hareid-Sulesund, som er hovudfartsåra til og frå Søre Sunnmøre og Noregs 7. mest trafikkerte fergestrekning, slår bein under verdiskapinga som skjer her. Det gir også innbyggerane på Søre Sunnmøre ein mykje dårlegare tilgong til grunnleggande tenester.
Sjølv dei tidlege fergeavgangane som ikkje er fulle er veldig viktige for næringslivet. Kveldsfergene mogleggjer kveldsturar til og frå Ålesund, og tidlegfergene i helgene gjer det mogleg for born og unge å reise på kamp og turneringar i fylket vårt. Når samferdelskutt gjer at verdiskaping og bulyst vert sett på spel, er det særs alvorleg, seier Thormodsæter og Måseide.
Vi registrerer at ein må ta seriøse økonomiske grep i Møre og Romsdal fylke. Vi innser at dette kanskje også vil gå ut over tilbodet på Søre Sunnmøre, men det må gjerast i tett dialog med næringsliv og kommuner.
Ved færre avgangar og moglege kutt i fleire av c-ferge avgangane, er vi også redde for at det går ut over trafikktryggleiken når fleire kjem til å køyre fort for å rekke ferga.
Som interesseorganisasjonar og næringsforeiningar forventar vi at fylkespolitikerane tek tilbakemeldingane frå oss på høgste alvor når dei skal vurdere dei foreslåtte budsjettkutta.
Bekymringane i denne uttalen er støtta av Hareid Næringsforum v/ Idar Flø.
Frå innstillinga til Møre og Romsdal fylkeskommune:
– Innstille B-ferja 4 fyrste og 2 siste avgang på laurdag (frå Hareid: 08:00, 09:00, 19:00, frå Sulesund: 08:30, 09:30, 19:30)
– Innstille B-ferja 4 fyrste avgang på søndag (frå Hareid: 11:00, 12:00, frå Sulesund: 11:30, 12:30).
– Innstille C-ferja 2 første og 2 siste avgangane på kvardagar (frå Sulesund: 06:10, 18:10, frå Hareid: 06:40, 18:40).
– Innstille romjul 27.-29. des. (3 dagar.), og innstille i påska man-ons (3 dagar).