Vi ser fram til sette i gong traineeåret og å samle altraineeane og deira mentorer for Kick-off på Skaparhuset i Ulsteinvik 23. januar. Vi skal bruke dagen på å bli godt kjent, og legge planar for det komande året.
I tillegg får vi besøk av Janne Aune frå traineeprogrammet Fremstr i Tromsø, som skal dele av sine erfaringar og inspirere oss med suksesshistorier frå nord og Elisabeth Nytun Fredriksen, seniorrådgiver næringsliv i Sparebanbken Møre.
For våren er følgande samlingar planlagt:
- Bli kjent med det innovative næringslivet på Søre Sunnmøre (20. mars)
- Korleis arbeide i team?
- Vi styrkar innovasjonskompetansen saman med NTNU
- Kommunikasjon og leiing
Vi gler oss til å ønske dei fyrste traineeane og deira mentorar velkomen og ser fram til eit spennande og engasjerande trainee-år på Søre Sunnmøre!
Er du interessert i å ha ein trainee i di bedrift eller vil lese meir om traineeprogrammet? Klikk her