Vi er stolte av å kunne presentere Oslo Business Forum i Ulsteinvik 24. september i hybridformat mellom studio i Oslo og scena i Ulsteinvik.
Sikre deg ein av dei kun 200 billettane på www.ulsteinconference.com
Vi presenterer:
  • CARLA HARRIS, vice chairman, adm. dir. og senior klientrådgjevar ved Morgan Stanley og høgst rangerte innleiar ved Nordic Business Forum (Helsingfors) i 2019.
  • BRIAN HALLIGAN, sam-etableraren og CEO av HubSpot og ei sann meisterhjerne innan marknadsføring.
  • MORTEN HANSEN, professor ved University of California, Berkeley, og er rangert til ein av topp 50 innan leiingstenking iht «Thinkers50».
  • RANDI ZUCKERBERG. Står bak Facebook Live, grunnleggar av Zuckerberg Media og TV-vert med fokus på tech-savy gründerkvinner.
  • ANITA KROHN TRAASETH. Anita er ein av Noregs mest kjente næringslivsleiarar og ekspert på innovasjon og leiing. Tidlegare adm.dir. i Innovasjon Norge og Hewlett-Packard Norge AS. Forfattar og kjend for hardcore kunnskap om leiing og innovasjon.
  • THINA SALTVEDT. Sjefanalytikar i avdelinga for Bærekraftig Finans og er styremedlem i miljøorganisasjonen ZERO. Før dette jobba ho i ti år som sjefanalytikar for makro/olje i Nordea Markets. Thina har også jobba i Noregs Bank i området for Finansiell Stabilitet.
  • LENE WESTGAARD-HALLE. Stortingsrepresentant for Høgre og sit i energi- og miljøkomiteen. Ho har tidlegare vore politisk rådgivar og leiar for finans i miljøstiftinga Zero.
  • OLE ROLFSRUD. Ole er ein kjend og skatta journalist og programleiar i NRK. Ole er frå Brandal og gler seg til å lose oss gjennom konferansen.
  • GRY CECILIE SYDHAGEN. Gründer og næringslivsleiar frå Tjørvåg og grunnla verksemda Metizoft. I 2009 blei ho den fyrste som mottok prisen Årets gründerkvinne.
  • TORE ULSTEIN. Tore er visekonsernsjef og styreleiar i Ulstein Group. Han var president i NHO frå 2013 til 2017 og har ein doktorgrad i marin hydrodynamikk frå NTNU.
  • TOMMY WALAUNET. Administrerande direktør i reiarlaget Island Offshore. Island Offshore har 50 tilsette i Ulsteinvik og ei avdeling i Lisboa.
Ein stjernespekka line-up på scena i Ulsteinvik, samt internasjonale storheiter som vil dele sine tankar med oss rundt
– kva vert dei varige endringane etter korona,
– kva eigenskapar må ein leiar ha for å lose verksemda si gjennom krisa og etterpå?
– korleis som leiar halde eit langsiktig fokus medan ein handterer kortsiktige kriser?
Meld deg på no, på www.ulsteinconference.com