Saunesmarkkrysset

Saunesmarkkrysset FV61

Trafikkavviklinga ved FV61-krysset til Saunesmarka er eit handicap for næringsdrivande på i området. Det hemmar handlande, rekruttering og logistikk samtidig som det ofte oppstår farlege situasjonar. UNF har engasjert seg i prosessen rundt evt ny trafikkløysing.

 

 

 

Dimnakrysset

Dimnakrysset FV61

Dette krysset er til frustrasjon for både arbeidstakarar ved arbeidsplassane i området, bebuarar og næringstrafikk til og frå. Spesielt på morgon og ettermiddag. UNF ønskjer å bidra til ei betre trafikkavvikling i dette området og vil aktivt bearbeide relevante styresmakter.

 

 

Glopenkrysset

Glopenkrysset FV61

Næringslivet på Stålhaugen/Glopen må gjennom dette krysset på veg til/frå eit område med viktig næringsaktivitet. Krysset hemmar denne aktiviteten og UNF set fingeren på denne utfordringa. Ei evt rundkøyring her vil antakeleg kun kome dersom ein får til eit spleiselag mellom grunneigarar, styresmakter og næringsdrivande i området.

 

Ferjetakstar på Vestlandet

Ferjene på Vestlandet er ein del av vegnettet i landets mest verdiskapande landsdel. Ei hyppig auke av ferjetakstane er med på å gi næringslivet vårt handicap i konkurransen med andre landsdelar og andre land. UNF støttar opp under protestane mot auka takstar i 2019/2020 og vil vere med på å legge press på styresmaktene og å synleggjere kva følgjer slike takstaukar får for næringslivet.

 

 

Illustrasjon: Rambøll/Hafast

HAFAST – Hareid Fastlandssamband

UNF ønskjer eit fastlandssamband frå Hareidlandet til Sula velkomen. Ein fast vegtrasé mellom Ulsteinvik og Ålesund vil auke vår konkurranseevne både innan logistikk, men også ved rekruttering av kompetanse frå nordre Sunnmøre.

 

 

 

Stad Skipstunnel

Stad skipstunnel er eit nasjonalt prosjekt som vil redusere risikoen for skipsulukker, ventetida for skipsfart, samt å legge til rette for meir sjøtransport av gods. Tunnelen vil redusere verditap i fiskerinæringa og ha positive effektar for næringslivet på kysten. Med ein skipstunnel gjennom Stad vil det bli etablert ei ny, samanhengande hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund, noko som vil medverke til ein utvida bu- og arbeidsmarknadsregion.