Sunnmøre er kjent for sine gründerar som har bygd store konsern med mange arbeidsplassar. Mykje har kome frå den maritime næringa, men dei siste åra har reiseliv og digitalisering opna nye moglegheiter for å skape nye forretningsmodellar og verdiskaping for framtida.
Gurskenkonferansen skal vere ein møteplass for dei tradisjonelle gründerane og unge entreprenørar med nye idéar som vil sikre vekst i vår spanande region.
INNLEIARAR:
- Linda Hofstad Helleland (H), distrikts- og digitaliseringsminister
- Morten Thorvaldsen, konsernsjef Thon Hotels/visepresident NHO Reiseliv
- Linda Rafteseth Grimstad, fagsjef for kommunikasjon og samfunnsansvar i Sparebanken Møre
- Svein Gjelseth, utviklingsnavigatør
- Vegard Hansen, sponsorsjef i Coop
+ lokale unge gründerar
PROGRAM:
16:30 – 17:00 Registrering
17:00 – 18:00 Innlegg og debattar: Covid19: Fylgjene for næringslivet og kva gjer vi no?
18:00 – 19:30 Innlegg og debattar: innovasjon og unge, lokale gründerar. // Reiseliv: eit lokalt satsingsområde
19:30 – 19:30 Slutt
Gurskenkonferansen er arrangert av Jan Åge Fjørtoft i samspel med Thon Hotels og Sparebanken Møre. Ulstein Næringsforum er ikkje involvert i arrangementet, men vidareformidler det her på våre nettsider då det er av interesse for lokalt næringsliv.
PÅMELDING MOT INVITASJON