Bransjegruppe Bygg og Eigedom

Medlemsbedriftene i denne gruppa arbeider med det meste innan bygg, anlegg, eigedomsutvikling, planlegging eller leveransar til byggeindustrien.

Ei bransjegruppe kan saman finne nye samarbeidsmåtar, byggje nettverk seg i mellom og finne nye marknadsmulegheiter. Gruppa kan også bruke UNF som samlande politisk talerøyr, relevante arrangement eller til å fremje sine interesser.

Bransjeinformasjon

Bygg og Eigedom-gruppa omsette for 330 mill. i 2018, sysselsette ca 104 personar fordelt på 17 verksemder. Aktiviteten famnar om alt frå leveransar til byggeverksemd, tomteutvikling, arkitektur og prosjektering, prosjektleiing, eigedomsutvikling, rådgjeving og sal/utleige.

ROME jobbar kvar dag for å vise fram regionen vår som ein fantastisk plass å arbeide og bu. Ulstein Næringsforum er ein del av dette viktige fellesskapet.
Jogeir Romestrand, ROME AS