Bygt er forhandlar av Norgeshus, ein av Norges største husleverandørar med over 35 års erfaring. Dei leverer komplette løysingar frå arkitektur til ferdigstilling – både katalogmodellar og skreddarsaum. Bygt er stolte av å vere til stades på Søre Sunnmøre! Kvar stad har sitt unike preg, og dei tilpassar alle sine prosjekt til å spegle landskapet og kundens behov.

Deira dedikerte team består av eigar og dagleg leiar Elisabeth Haugen Brune og salskonsulent Martine Bøe.

Elisabeth kjem frå Larsnes og har lang erfaring frå bransjen. Etter mange år som tilsett og dagleg leiar i eit byggefirma i Ørsta tok Elisabeth sats og starta opp Bygt AS hausten 2023. Ho har lenge hatt eitt ønske om å starte opp for seg sjølv, å sikre lokal forankring og verdiskaping. Valet falt på Ulsteinvik når ho skulle velje kvar det nye firmaet skulle halde til. «Ulsteinvik ligg sentralt til for vår kundegruppe og var eit naturleg val for vår bedrift».

Martine kjem frå Herøy og er utdanna interiørarkitekt. Martine si erfaring frå sal, kombinert med hennar kunnskap som interiørarkitekt er ein stor ressurs for Bygt og kundane. Saman med det dyktige fagmiljøet i Norgeshus kan dei tilby den aller beste rådgivinga og sørvisen til sine kundar!

Dei er glade for å være medlem av Ulstein Næringsforum. Nettverksbygging er ei viktig drivkraft for dei, og via medlemskapet får dei gode moglegheiter til å knyte kontakt med andre aktørar i næringa. Arrangementa til Ulstein Næringsforum legg til rette for fagleg påfyll, samarbeid og kunnskapsdeling, som vil vere eit verdifullt bidrag til vidare vekst og utvikling av Bygt AS. Dei håper at Bygt gjennom dette medlemskapet skal kunne bidra aktivt for å fremje næringslivet i regionen, samstundes som dei styrker sin posisjon i bransjen.

Dykk finn dei i Saunesmarka på Brendehaugen 18!

Sjekk dei ut på Facebook og på Instagram.