GC Rieber Eiendom har store ambisjonar i alle byggeprosjekta sine, spesielt med tanke på å oppnå grøne sertifiseringar, og det er dei etter kvart i ferd med å verte skikkeleg ekspertar på! Kanskje ikkje så rart at dei nyleg vart rangert høgast på Eiendomsbarometeret i Bergen for ellevte året på rad?
Ingunn Gjermundnes er prosjektsjef i GC Rieber Eiendom, og har hatt ansvar for Moxy Bergen (BREEAM-NOR Excellent), Krohnen (BREEAM-NOR Outstanding) og no Fenderen frå skisse til ferdig bygg. Vi ser fram til å høyre Ingunn fortelje om GC Rieber Eiendom sitt arbeid med berekraftige bygg!