Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gitt ei nytt tilskot til kommunar som har arbeidsløyse over landsgjennomsnitt og som har vore omfatta av forsterka smitteverntiltak i 2021. Ulstein kommune har motteke 788.560 kroner. Kommunane har stor fridom til å tilpasse kva slags verksemder som skal få støtte avhengig av den lokale situasjonen. I Ulstein kommune er det spesielt verksemd innan reiseliv, servering og verftsindustrien som har vorte hardt råka. Formannskapet har difor bestemt at det er desse som skal ha høve til å søke på den kommunale kompensasjonsordinga.
Formannskapet har vore opptekne av at det skal vere enkelt og ein lite byråkratisk prosess. Søknadar vil bli handsama fortløpande til fondet er tomt.
Krav
- Verksemda må ha tilsette i Ulstein kommune
- Arbeidsstad som er grunnlag for søknaden må vere i Ulstein kommune
- Verksemda må vere registrert i Brønnøysund som reiselivsaktør, serveringsstad eller verft.
- Ein verksemd kan få 10.000 kroner per årsverk, men maksimalt opp til kroner 200.000
- Verksemda må dokumentere talet på årsverk ved 1.2.2021 ved attest frå revisor eller autorisert rekneskapsførar.
Kompensasjonsordning skal gjevast i samsvar med regelverket for bagatellmessig stønad. Søkar må oppgi kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019-2021. Føretak kan få inntil € 200 000 over tre år i bagatellmessig stønad frå det offentlege.
Søknadsskjema vert gjort tilgjengeleg på http://www.regionalforvaltning.no på tysdag 23. mars kl 1400.
Ulstein Næringsforum kan bistå medlemsbedrifter med søknaden eller evt avklaring. Ta kontakt.