av Daniel Garden, dagleg leiar i Ulstein Næringsforum
1. juli 2021

 

Kongsberg flyttar produksjon

I dag kom meldinga som ein har frykta lenge: Kongsberg flyttar delar av produksjonen frå avdelinga i Ulsteinvik til fabrikken sin i Rauma i Finland. Då Kongsberg tok over, såg vi tidleg at dei hadde samanfallande produksjon i Ulsteinvik og i Rauma. Håpet var derfor lenge at ein ville velje Ulsteinvik når funksjonar skulle konsoliderast. Likevel har Kongsberg vurdert det best for eiga verksemd å samle montering og testing av tradisjonell propulsion i Finland.

Samfunnsansvar

Adam Smith skildra viktigheita av at bedrifter først og fremst tek omsyn til sine eigeninteresser. Spesielt i krisetider. Derfor er det viktig at Kongsberg også får mulegheita til å planlegge for framtida og bygge ein så robust organisasjon som muleg for å møte utfordringar og konkurranse.

Likevel er det ikkje til å sjå vekk i frå at eit lokalt, «ulsteinsk» eigarskap antakeleg ville ha påverka bedrifta sine eigeninteresser annleis. Det var lokale krefter som stod for industrialiseringa av Ulsteinvik og omland og det er lokal kapital som har bygd det samfunnet og næringslivet vi har i dag. Når verksemder seljast til utanbys interesser vil også risikoen auke for at aktivitetane ein dag flyttast vekk.

Bråtebrann

«Ulstein Propeller», Vickers, Rolls-Royce, Kleven, Kværner Kleven, Odim og mange andre namn er vekke, men mykje av kompetansen, kunnskapen og engasjementet ligg framleis i DNAet her i Ulstein. Vi ser nye, spanande industribedrifter som spring ut av det gamle. Nye og forbetra produkt og tenester, nye prosessar og konstellasjonar, nye marknadsområder.

Nytt liv av daude gror, som dei heiter i salmen.

Samlar seg i Ulsteinvik

Samstundes som Kongsberg kom med meldinga om at 30 stillingar og produksjon flyttast til Rauma, fortel dei også at dei samlar dei tilsette på Hareidlandet til Ulsteinvik. Det er gledeleg at kompetansearbeidsplassane samlast på éin stad, og Ulstein Næringsforum skal sørge for at Ulsteinvik er godt vertskap. Det er ikkje berre ei maritim klynge vi har her i kommunen, men ei samfunnsklynge som omfattar så mykje meir enn dei viktige maritime bedriftene. Reinhaldsfirma, catering, grafiske tenester, IT-tenester, reisebyrå, overnatting og byggevare. At Ulsteinvik også i tida framover er eit maritimt «kompetansesenter» er viktig for så mange. Derfor er det gledeleg at Kongsberg vel å samle seg her – men vemodig at viktige funksjonar forsvinn ut.

På slutten av dagen er vi uansett alle i same båt.