Møtet var ein del av eit større «besøk» i Møre og Romsdal, der KMD ønskjer innspel til nye strategiar frå regjeringa til utvikling av småbyar, samt kompetanse- og næringsutvikling i desse.
Statsråden er oppteken av at strategiane skal bidra til kompetanse- og næringsutvikling, og det var derfor viktig å få innspel frå bedrifter og kompetanseaktørar. UNF heldt eit kort innlegg der vi drog fram
  • den lokale næringsklynga
  • kompetanseutvikling
  • kompetansemobilitet

 

Næringsklynga

I samfunn som Ulstein, der ein har store, dominerande industriar, snakkar ein ofte om ei industriklynge. Gjerne basert på ein bransje, som vi har her: som ein maritim klynge. Klyngene, eller dei tungt representerte bransjane, er viktige og får mykje merksemd, men ofte på tvers av geografisk tilhørigheit.

I bygdebyar som Ulsteinvik, er det den lokale næringslivsklynga som er viktig. Skipsbygging er viktig, då den sysselset høgkompetansearbeidstakarar innan skipsdesign, reiarlag, verft, engineering og utstyrsprodusentar- og distributørar.

Desse verksemdene tiltrekk seg leverandørar utanfrå, som anten kjem på korte besøk og nyttar hotell, restaurantar og andre tenester, eller for dei som er her på lengre prosjekt, og berikar «lokaløkonomien» den tida dei er her, med forbruk, leige av lokale og tenester.

Samstundes må vi hugse på at «klynga» ikkje stoppar med maritime bedrifter. IT-firma leverer tenester til maritime bedrifter, reinhaldsbyrå tek hand om lokala deira, marknadsførings- og grafiske byrå bistår med kommunikasjonsarbeidet og bilforhandlarar leverer varebilar og tenestebilar og så mykje meir.

Det er slik byar som Ulsteinvik har vekse til og som gjer dei unike og viktige – vi er avhengige av ein industri som også er avhengige av det øvrige næringslivet i regionen og alle treng at desse går godt.

Dei lokale næringsklyngene i Noreg er konstruert av viktige, men få delar – og fjernast eller svekkast éin, kan heile konstruksjonen kollapse.
Dette må vere balansert mellom den dominerande bransjen, offentlege tenester (også statlege) og funksjonar som byggjer opp under småbyen som eit regionalt senter. 

Staten bør identifisere slike kritiske element og sørge for at det til ei kvar tid er god balanse, og at statlege og sentrale funksjonar også er representert i byar som Ulsteinvik. 

Ambulanseteneste, politikontor, skattekontor og tingrettar, trafikkstasjon, vidaregåande skule, evt. desentraliserte høgskuletilbod eller andre akademiske instutisjonar, distriktshelsetenesta, idrettsarenaer og samferdsleknutepunkt. Alle er viktige for at desse byane skal kunne oppretthalde vertsfunksjonen sin for konkurransesterke næringar.

Kompetanse

Som nemnt, har vi mange hundre høgkompetansearbeidsplassar i Ulstein. Dette er ei av styrkene våre som har vorte dyrka fram dei siste 100 åra med vekst og innovasjon i maritim bransje, og kanskje spesielt innan skipsbygging. Organisk vekst og tiltrekking av kompetanse utanfrå er muleg så lenge ein veks og har høg grad av innovasjon som skaper resultat.

Etter olje- og offshorekrisene, har norsk skipsbygging i stor grad fått kjenne på at vi som ein gong var verdast leiande nasjon innan eitt skips-segment, no er nybyrjarar innan eit anna, og må lære av konkurrentane våre ute. 

Det skal seiast at dette gjeld dei verfta som i stor grad bygde offshore-skip og så raskt snudde seg for å ta unna eit behov innan mindre cruiseskip. Verft i andre segment har i større grad klart seg bra, men desse er også mindre verft med mindre skipstypar.

Vi mister mange kvart år, og noko av grunnen er at folk som startar si karriere her, finn nye arbeidsplassar andre stader. Kompetansekandidatar er altså ikkje geografisk betinga – vi må hente dei hit, og vi må sørge for at vi ikkje lek arbeidsplassar til andre regionar.

Maritim bransje er ein av dei mest internasjonale bransjane vi har i Noreg. Nordmenn finn nye, spanande jobbar i utanlandske selskap og våre bedrifter finn også gode kandidatar i utlandet. Også her er det ein «konkurranse» og vårt brand og image som ein kvalitets- og kompetansenasjon er viktig for å vinne fram. Samstundes ser vi at folk flyttar på seg og at byar som Ulsteinvik ofte gir for få mulegheiter til karriereutvikling.

Mobilitet

Karriere på tross av geografi

Vi mister mange gode medarbeidarar kvart år. Sentralesering av funksjonar i internasjonale selskap og nedskalering av aktivitet kan ta noko av skulda, men noko av grunnen er òg at folk som startar si karriere her, finn nye arbeidsplassar andre stader. Kompetansekandidatar er altså ikkje geografisk betinga – vi må halde dei her eller hente dei hit, og vi må sørge for at vi ikkje lek arbeidsplassar til andre regionar.

Maritim bransje er ein av dei mest internasjonale bransjane vi har i Noreg. Nordmenn finn nye, spanande jobbar i utanlandske selskap og våre bedrifter finn også gode kandidatar i utlandet. Også her er det ein «konkurranse» og vårt brand og image som ein kvalitets- og kompetansenasjon er viktig for å vinne fram. Samstundes ser vi at folk flyttar på seg og at byar som Ulsteinvik ofte gir for få mulegheiter til karriereutvikling.

UNF foreslår at staten gjennom virkemiddelapparatet lagar eit pilotprosjekt der ein aktivt utrustar fysiske fasislitetar i ein liten by som Ulsteinvik tilrettelagd for at tilsette kan arbeide i same bygg og på same kontor med felles fasilitetar, men der fellesnemnaren er geografi og (til ei viss grad fag) og ikkje ein felles arbeidsgjevar.

Lokala urustast med dei beste verktøya innan digital samhandling.

Vidare set ein inn faglege ressursar i å designe eigne organisasjonsprosessar der geografisk lokalitet ikkje er eit bêrande element, slik det tradisjonelt er: kan vi arbeide vel så bra og effektivt utan eit felles geografisk utgangspunkt? 

Her bør ein avdekke kva bransjar/funksjonar dette passar til samt kople på akademia for å lære mest muleg av piloten.

Det er mange fordelar med ein slik funksjon: 

  • Noreg innoverer innan arbeidsprosessar der geografi ikkje er eit viktig element eller begrensning
  • Vi kan sørge for større grad av kompetansemobilitet
  • Vi utnytter fysiske lokalitetar betre
  • Vi tilbyr eit sosialt arbeidsmiljø til «åleinearbeidarar»
  • Vi framskundar digitaliseringa
  • Vi reiser mindre eller meir effektivt

Ulstein Næringsforum meiner Ulsteinvik er perfekt testområde for ei slik utprøving, og inviterer til ein vidare dialog med relevante organ om dette.