Ulstein Næringsforum og Ulstein kommune ønsker å legge til rette for ein sosial og fagleg møteplass for byggnæringa på heile Søre der kunnskapsdeling, felles kompetanseløft, inspirasjon og motivasjon er målet. Over to samlingar første og siste torsdagen i september set vi søkelys på bygg for framtida med berekraft og sirkularitet som sentrale stikkord.

No har vi fått bekrefta Mustad Eiendom på programmet 5. september!

Eili Vigestad Berge er berekraftsdirektør i Mustad Eiendom og har lang og brei erfaring direkte med klima- og berekraftsarbeid innan byggnæringa, mellom anna i Grønn byggallianse og FutureBuilt.
Mustad Eiendom er selskapet som står bak Lilleakerbyen i Oslo. Mustad Eiendom sitt rehabiliteringsprosjekt på eit gamalt industriområde på Lysaker blei nyleg framheva av Grønn Byggallianse som eit prakteksempel på eit berekraftig prosjekt. Prosjektet oppfylte alle Bygg21 sine kvalitetsprinsipp for berekraftige bygg og områder.

Vi gler oss til å høyre Eili fortelje om Mustad sine prosjekt!

Gratis påmelding her

Facebook-arrangement
LinkedIn-arrangement