Green2050 er eit senter for «grønt skifte i bygget miljø» ved NTNU i Trondheim. Det skal vere ein nettverksarena for tverrfaglege prosjektsamarbeid mellom universitet og næringsliv.
Professor Rolf André Bohne er leiar for senteret, som er tilknytt institutt for bygg- og miljøteknikk. Her underviser han om berekraftig byggeri og infrastruktur, miljøsystemanalyser (LCA, MFA, BREEAM), BIM og bygningsmateriale. Rolf skal mellom anna fortelje oss om korleis dei arbeider ved Green2050, kva som meinast med «bygget miljø» og kva som skal til for eit grønt skifte i byggnæringa. Dette ser vi fram til!
Facebook-arrangement
LinkedIn-arrangement