Foto: Linda Eikrem, Vikebladet Vestposten
I denne rolla skal ho vere eit viktig bindeledd mellom kommune og næringsliv med mål om å få på plass ein raud tråd i sentrumsutviklinga, gjennomsyra av berekraftig og sirkulær tankegong, og implementere nokre av råda frå parallelloppdraget;
- Påverke sentrumsbutikkane i ei berekraftig retning, og engasjere til sirkulære forretningsmodellar.
- Engasjere innbyggarane i å utvikle eit meir berekraftig sentrum, spesielt for barn og unge.
- Utvikle kommunikasjonen vår utad og mellom samarbeidspartnarar.
- Få enda tettare og koordinert samarbeid mellom UNF, Ulstein kommune og bedriftene.
- Få utviklingskapasitet til å gjennomføre sentrumsutviklingsprosjekt i tråd med parallelloppdrag og andre planar.
- Skape bulyst, etableringslyst og besøkslyst.
Rebekka kjem frå Moltustranda, men har budd i Bergen sidan 2015. Dei siste åra har ho jobba med forretningsutvikling i oppstartsbedriftene Dyrkbart og Wastech. Her utvikla ho sirkulære tenester for næringslivet som gjekk ut på mellom anna urban dyrking og nyskapande teknologi for å gjere matvfall om til gjødsel. Før det har ho vore gründer i musikkbransjen, der ho jobba med planlegging og koordinering av arrangement, konsulenttenester for band og artistar, marknadsføring og mykje anna. Ho har i tillegg lang og variert erfaring frå butikk. Ho starta arbeidslivet sitt på bokhandel i Ulsteinvik, og etter det har ho vore både butikksjef på Lagunen og Cross Functional Team-tilsett på IKEA i Bergen.
Rebekka har ein bachelor i Music Management og master i Innovasjon og leiing med fordjupning i sirkulærøkonomi innan varehandel.
Ho gler seg til å kome skikkeleg i sving, og ønskjer at det skal vere lav terskel for butikkar og næringsliv å ta kontakt. Det er stor sjanse for at du ser ho på helserunde rundt omkring i byen i dagane framover.