Pressekonferanse

Finansminister Jan Tore Sanner (H) og næringsminister Iselin Nybø (V) la i kveld fram regjeringa sine forslag til kontantstøtteordning for små og mellomstore bedrifter på ein pressekonferanse. Det var først venta at desse pakkane ville beskrivast i morgon, fredag, men regjeringa sette opp ein ekstraordinær pressekonferanse i kveld for å orientere om ordningane som er eit samarbeid mellom regjeringa, Virke, NHO og LO.

Prosessen

Det vart pressisert at dette er regjeringa sitt forslag, noko som så skal vedtakast av Stortinget og deretter ESA. Så skal dei tekniske løysingane på plass før ein opnar for søknader 17. april.

Faste kostnader

Det er opna for å dekkje opp mot 80% (90% for dei som vart pålagde å stenge) av bedriftene sine faste kostnader som husleige, straum, vatn/avlaup, forsikring, leige/leasing av utstyr og transportmidlar samt netto rentekostnader og evt andre unngåelege kostnader. Kompensasjonen skal justerast iht omsetningsfall.

Kriterier

Bedrifter med minst 30% omsetningsfall samanlikna med månaden før (20% for mars) kan søkje for månadene mars, april og mai. Det vert gjort unntak for ein del verksemder som allereie har fått andre kompensasjonsordningar.
Enkeltmannsføretak kan søkje, dersom inntekt i føretaket kan dokumenterast å vere hovudinntektskjelda til innehavaren.

 


Dømer: skjermdump Regjeringen.no

Rask og automatisk prosess

Søknadsprosessen vil gjerast på ei eiga nettside, der opplysningane vert umiddelbart sjekka opp mot diverse offentlege register, og deretter gi utbetaling. Dersom ein fell utanfor dei automatiske vurderingane, vil ein kunne be om manuell behandling av søknaden.

Nytt webinar

Ulstein Næringsforum vil no saman med samarbeidspartnerane Sparebank1 Søre Sunnmøre, NAV Hareid-Ulstein-Sande og Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz samle detaljar rundt ordningane og arrangere eit nytt webinar tidleg i neste veke, der vi går gjennom kva bedrifter som kan søkje stønad, kven som fell utanfor og korleis prosessen blir.
Vi lanserer dag og tidspunkt fredag ettermiddag (3. april).