Nytt kommunalt næringsfond

Ulstein kommune har tidlegare hatt både ordinært kommunalt næringsfond (tomt) og covid-19-næringsfond 2020 (tomt) og oppretter no eit nytt kompensasjonfond. Dette nye næringsfondet skal treffe breiare gjennom å gi tilskot til tiltak som kan styrke og vidareutvikle større delar av næringslivet i Ulstein.

Målgruppa er lokale verksemder eller næringsaktørar som åleine eller i lag legg til rette for vidare næringsutvikling i Ulstein. Tiltaka skal vere gode utviklingsprosjekt for lokalsamfunnet og ikkje berre for enkeltverksemder.

Søknadsskjema vil verte gjort tilgjengeleg på  http://www.regionalforvaltning.no på tysdag 23. mars kl 1400.
Ulstein Næringsforum bistår medlemsbedrifter med å avklare eller å søke. Vi kan også koordinere søknadsprosjekt mellom fleire aktørar. Kontakt oss her.

Første søknadsfrist for næringsfondet er 1. april.

Fondet vil verte tildelt fortløpande til det er tomt.