På oppdrag frå Næringsforeningen i Ålesundsregionen har Sentio gjennomført tre omdømeundersøkingar for Sunnmørsregionen – ein med lokalt utval, ein regional og ein nasjonal. Formålet med undersøkinga er å kartleggje om Sunnmørsregionen har eit sterkt omdømme på faktorar som avgjer om det er bra å leve i regionen. Undersøkinga er gjennomført mellom 28. august og 11. september.

Hovudfunna frå denne undersøkinga er:

  • Lokalbefolkninga ser vakker natur som eit svært sterkt fortrinn for regionen.
  • Alt ligg godt til rette for ei aktiv fritid i regionen
  • Lokalbefolkninga trivest godt i regionen, er stolte av å bu her og ser det som eit godt sted for barn og unge å vakse opp.
  • På den andre sida opplev lokalbefolkninga at det er lite moglegheiter for eit variert uteliv, at kulturtilbodet ikkje er veldig attraktivt, at ein ikkje får mykje for pengane på boligmarknaden og at regionen ikkje har høg grad av openheit og toleranse.

Vidare blei utvalet stilt opne spørsmål omkring kva som var det første dei tenkte på når ulike byar og tettstadar i Sunnmørsregionen blei nemnt. Dette blei oppsumma i ei ordsky der dei største orda var dei om blei nemnt flest gongar.

Når dei spurte det lokale utvalet kva dei tenkte på når dei høyrte Ulstein var svaret:

Når dei spurde det nasjonalt utvalet kva som va det første dei tenkte på når dei høyrte Sunnmørsregionen var svaret: