Ambisjonen om å flytte meir gods over på bane og kjøl er med på å understreke viktigheita av dette prosjektet. Skipstunnelen vil gjere transport langs kysten forutsigbar og meir påliteleg. På Vestlandet har vi inga jernbane, men ei hurtigbåtrute langs kysten vil kunne verte vår variant.
Stad skipstunnel er ferdig utreda, kvalitetssikra og kostnadsestimert til 3 mrd som vil gje store besparande effektar på miljøet, for eksportnæringane og passasjertransporten på nord-Vestlandet og ein region med 370.000 innbyggarar. Til samanlikning går staten inn med betydelege midlar til Fornebubana; ein lokaltransport for ca. 30.000 menneskje. Her er byggekostnaden estimert til 16 mrd (!), der staten skal dekkje halvparten. Det er vanskeleg for oss på Vestlandet å skjøne logikken anna enn at våre rikspolitikarar først og fremst ser kvardagen der dei sjølve bur og arbeider.
Vi er no kome til innspurten for å få prosjektet i hamn og oppstartsmidlane vil være avgjerande for realiseringa av eit «gryteklart» prosjekt som vil gje kysten ei ny tid med forutsigbarheit for godstransport på kjøl langs heile vestlandskysten. Vi forventar at Stortinget viser handlekraft og får Stad skipstunnel inn i statsbudsjettet for 2021 med 60 mill. i oppstartsmidlar.
Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre (NæSS) representerer eit næringsliv med 2 000 bedrifter og 21 500 tilsette i kommunane Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda står no samla bak kravet om realisering av skipstunnelen. Det er no på tide med handling og ikkje fleire utsetjingar for eit prosjekt som har vore igjennom 22 utgreiingar i Stortinget.
Ulstein Næringsforum
Daniel Garden, dagleg leiar
Vanylven Utvikling
Tor Inge Nygård, dagleg leiar
Hareid Næringsforum
Idar Flø, dagleg leiar
Sande kommune
Oddbjørn Indregård,
avd. plan og utvikling
Havlandet/Herøy Næringsforum
Merete Flusund, dagleg leiar
Volda Næringsforum
Roar Vikene, dagleg leiar
Vekst i Hareid
Julie Sundgot Andersen, prosjektleiar
Sti. Ørsta Næringskontor
Odd Magne Vinjevoll, dagleg leiar