-Vi gler oss stor over engasjementet til Sparebank 1 Søre Sunnmøre, og at dei saman med Visit Ulstein og Ulstein Næringsforum vil samarbeide om å gjere Ulsteinvik til ein flott sommarby å besøke, seier Martha Ringstad, reiselivskoordinator i Ulstein Næringsforum si reiselivssatsing Visit Ulstein.

– I fyrste runde har vi fått på plass blomster i trebåten i sentrum og blomsterkasser frå Ulshav plassert ved Kulturalmenningen. Utover sommaren skal fleire ting som pyntar opp Ulsteinvik på plass. Vi ser for oss fleire benkar og blomster i sentrum. Dette er med på å gjere sentrum både meir koseleg men også meir tilgjengeleg for store og små. Vi er i kontakt med lokale leverandørar og gler oss masse til å få det på plass, seier Martha.

– Vi veit kor viktig det er for opplevinga, at staden du besøker oser trivsel og glede. Små tiltak som blomster, blomsterkasser, benkar med meire er med på å gje det lille ekstra. Vi er veldig takksame for at Sparebank 1 Søre Sunnmøre ser viktigheita av dette i utvikling og markedsføring av Ulstein og Ulsteinvik som eit kjekt reisemål, seier Martha avslutningsvis.