Hotellet er ein del av hotellkjeda Strawberry, og ligg ved hamna midt i sentrum av Ulsteinvik. Dei tilbyr 123 hotellrom med komfortable senger, flotte suiter og møterom, og har Pir Bar og Restaurant. Samtidig ønsker dei å vere ei storstove for lokalbefolkninga, tilby gode opplevingar for gjestane sine og bidra til at både lokale og tilreisande skal trivast i vår flotte by.
For å skape gode reiseopplevingar er dei avhengige av å samarbeide med andre aktørar. Heldigvis har dei mange samarbeidspartnarar i området, og Ulstein Næringsforum er naturlig i denne samanheng. Saman kan vi bidra til å utvikle reiselivet her og skape meir aktivitet og interesse for byen vår. Dei synest det er veldig kjekt at UNF legg mange av sine møter til deira lokalar og ser fram til vidare godt samarbeid til hausten!
Visjonen til Strawberry er at med energi, mot og begeistring skal dei bidra til ei betre verd. Dei har ein kultur og ønske om å gjere meir enn det som blir forventa av dei – både for våre gjestar, medarbeidarar, samfunn og miljø. Dette arbeidet kallar dei for WeCare. Lokalt har dei blant anna innsamling av gåver til barn i lokalmiljøet gjennom «Ensomt juletre».
Du kan lese meir om hotellet her.