Bakgrunn og formål for prosjektet

Ulsteinvik har eit svært spennande og aktivt bysentrum beståande av to store kjøpesenter og fleire godt etablerte nisjebutikkar, der mange av dei har vore i drift i generasjonar. Ulsteinvik er i tillegg eit naturlig regionalt sentrum for området med sine mange servicetenester, eit svært aktivt næringsliv som trekk til seg mange forretningsreisande og eit sterkt organisasjonsliv som blant annet arrangerer fleire store sportsarrangement gjennom året.

Vi har eit godt sentrum, men utfordringar knytt til store områdar med parkeringsplassar midt i sentrum, manglande opne felles møteplassar, få stadar der born kan opphalde seg på deira premissar i sentrum og ein hovudveg som delar sentrum i to og skil butikkane frå sjøsida. Dette gir oss utfordringar knytt til det å skape eit attraktivt sentrum.

Mål for prosjektet

Målet til prosjektet er å få ein raud tråd i sentrumsutviklinga, gjennomsyra av berekraftig og sirkulær tankegong. Vi skal implementere nokre av råda frå parallelloppdraget:

  • å skape 300-meters byen
  • å skape eit bysentrum for alle
  • å få det som bidreg til byliv til å leggast til byen
  • å skape eit mangfald av møtestadar
  • å legge til rette for sambruk i sentrum

Arbeidet skal i stor grad omhandle:

  • berekraft og sirkulære modellar
  • sentrumsutvikling
  • born og unge
  • kommunikasjon
  • utvikle samarbeidsmodellen mellom UNF, kommune og næringsliv