.. faktisk så stor suksess at vi allereie planlegg for neste Back to Work i januar 😀

Glade ansikt troppa opp fleire minutt før dørene offisielt hadde opna, og festen på Skaparhuset var brått i gong med lukta av nysteikte vafler, klirring med bobler og lyden av sosialt mylder. På borda hadde vi plassert ut litt deilig fingermat frå Kokk’n Roll og snacks.

Gjennom kvelden nytta vi høvet til å hente inn gode innspel frå gjestane til idekrukka vår, både om kva vi kan arrangere på Skaparhuset gjennom året og kva vi som næringsforum kan sette på agendaen. Greta Overvåg var blant dei som putta ideen sin i krukka, og ho vart trekt ut som heldig vinnar av ein billett til årets leiarkonferanse 24. oktober! I tillegg utfordra vi med ulike gåter og nøtter rundt omkring i lokalet som folk kunne bryne seg på og få sjansen til å vinne konsert- og kinobillettar.

Kveldens høgdepunkt var då vår eigen kommunepsykolog, «hjerneekspert», forfattar og Gullruten-vinnar Tomas Myklebust inntok podiet med eit foredrag skreddarsydd for kvelden. Tomas snakka om overgangen frå ferie til kvardag og ulike teknikkar og vanar ein kan innarbeide for å halde seg skjerpa og unngå å verte overvelda på jobb. Etter foredraget tok han seg god tid til å svare på spørsmål frå ivrige tilhøyrarar. Vi veit at vi var fleire som tok med seg masse god motivasjon og gode råd frå dette foredraget tilbake til kontoret – tusen takk, Tomas!

Målet denne kvelden var å skape ein fast sosial møteplass på tvers av bransjar, som samstundes skulle vere litt fagleg, men avslappa. Fleire av dei som var der prata med èin eller fleire som dei ikkje kjende frå før, noko som er kjempegledeleg for oss å vite og som er akkurat det vi ønska skulle skje 🙂

Tusen takk til kulturkontoret i Ulstein for flotte premiar! Ikkje minst – tusen takk til Sparebank 1 SMN som gjorde denne kvelden mogleg!

Ønsker di bedrift å vere med som sponsor eller medarrangør på neste Back to Work? Ta kontakt med sentrumskoordinator Rebekka Louise Knotten på rebekka@ulstein-nf.no.