FJORÅRETS BEDRIFT. Frå venstre: Ellen Kvalsund og Liv Marit Øvrelid frå Sparebanken Møre, og Viktoria Sandvik frå Bellis Blomster
FOTO: LINDA EIKREM/VIKEBLADET VESTPOSTEN

-Det er Sparebank 1 Søre Sunnmøre og Sparebanken Møre som muleggjer desse prisane, og vi er stolte av å kunne ha ei markering i UNF der vi får gjere stas på nokre av medlemene våre, seier dagleg leiar, Daniel Garden.

No oppfordrar ein folk til å spele inn kandidatar styret på:

  • Årets bedrift
  • Årets nykomar

Frist for å melde inn kandidatar er 30. november
Prisane vert delt ut på eit samkome for næringslivet i desember/januar.

 

STATUTTAR FOR NÆRINGSPRISEN I ULSTEIN

  1. Ulstein Næringsforum har saman med Sparebanken Møre og Sparebank 1 Søre Sunnmøre oppretta ein Næringspris for Årets Verksemd og Årets Nykomar i Ulstein Kommune.
  2. Prisen har som føremål å verdsette innsatsen ei verksemd eller ein person som har medverka til å fremje eller berike næringslivet i Ulstein.
  3. Det skal tildelast kr. 15.000,- til årets verksemd og 15.000,- til årets nykomar.
  4. Styret i Ulstein Næringsforum er pristildelingskomité og vedtek kven som får prisen.
  5. Pristildelingskomitéen kan sjølv velje kandidatar som ikkje er melde inn.
  6. Oversikt over kandidatar er ikkje offentleg. Det er prismottakarane som vert offentleggjort.
  7. Ulstein Næringsforum gjer prisen kjend og førespør om innspel til kandidatar.
  8. Som kvalifiserte kandidatar er medlemsverksemder i UNF (oppdatert liste ligg på www.ulstein-nf.no/vare-medlem) og einskilde personar som representerer eit medlem.
  9. Kriteria for Årets Verksemd/Årets Næringslivsperson:
    1. Kandidaten har utvikla eit selskap som har hatt suksess og som har fått betydning for andre næringsdrivande og for Ulstein Kommune.
    2. Kandidaten har utmerka seg som eit lokalt næringslivsførebilete.
    3. Kandidaten har fremja næringslivet i Ulstein.
  10. Kriteria for Årets Nykomar:
    1. Kandidaten er eller representerer ei verksemd som er nyetablert.
    2. Kandidaten har vore ein berikelse for næringslivet og/eller næringsmangfaldet i Ulstein.
  11. Framlegg til kandidatar kan fremjast skriftleg til Ulstein Næringsforum (post@ulstein-nf.no) eller direkte til eit medlem av styret (ulstein-nf.no/om-oss).