TV-aksjonen NRK 2020 går til WWF, Verdens naturfond, sitt arbeid for å bekjempe plast i havet. TV-aksjonen går av stabelen søndag 18. oktober, og lokalt er TV-aksjonskomiteen i Ulstein godt i gang med planar og arbeid for årets aksjon.

På grunn av koronasituasjonen blir årets TV-aksjon annleis enn tidlegare. Den fysiske dør-til-dør bøsseaksjonen går ut, og blir erstatta med digitale bøsser. Enkeltpersonar, verksemder, skulekrinsar, nabolag, lag og organisasjonar osv. kan med nokre få tastetrykk opprette si eiga digitale bøsse på https://blimed.no/. Bøssene er kopla til Spleis, og givarar kan gi med vipps, vanleg kortbetaling eller faktura.

TV-aksjonskomiteen har oppretta digital Spleis for Ulstein kommune. Denne vert marknadsført på kommunen si heimeside og på sosiale mediar. De kan eventuelt gi bidrag på den, eller opprette ei eiga digital bøsse for dykkar bedrift.

Begge deler er sjølvsagt heilt frivillig.

Vi legg opp til ei lokal dugnadsveke i perioden 10.-18. oktober, og vi vil gjerne ha næringslivet i Ulstein med på laget! Vi er kystbyen med eit hav av moglegheiter! Mange verksemder har havet som primærområde, så årets TV-aksjon er høgaktuell i så måte. Det fins mange aktivitetar ein kan gjere for å drive innsamling til TV-aksjonen, og som kan brukast til å styrke fellesskapet i din organisasjon. Det beste er at organisasjonen sjølv lagar eit konsept for å samle inn pengar. Her er eit utval eksempel til inspirasjon:

  • gi ein prosentsats av inntekter knytt til sal av eit produkt.
  • kva med å støtte opp under ei god sak ved å gi foredragshaldarar eller tilsette eit symbolsk gåvekort i staden for blomster/julegåve? Kjøp digitalt gåvekort her.
  • innsamling på Spleis via digital bøsse.
  • kva med å donere flaskepanten dei siste vekene til TV-aksjonen?
  • bli sponsor og/eller arranger ryddeaksjon/strandryddedag og sponse per kg eller per sekk som blir samla inn (SSR bidreg med konteinarar).
  • doner ein sum frå dagens omsetning
  • stille med premie til nokre av dei kreative skuleelevane som deltek i dugnadsveka

TV-aksjonskomiteen oppmodar alle å sende inn film/bilde av aktiviteten dykkar slik at vi kan marknadsføre dykkar bidrag til dugnadsveka i våre kanalar.

De kan sende film og/eller bilde til denne e-postadressa: varaordforar@ulstein.kommune.no, eller på Messenger til Ulstein kommune.

Vi trur at kreativiteten lokalt er stor, og at vi vil sjå mange fine og trygge aktivitetar framover. La oss saman skape lokal stoltheit og samhald, tenk smittevern og bruk dei digitale løysingane som vi har tilgjengeleg.

Venleg helsing
Stian Lehmann Scheide
Varaordførar og leiar for TV-aksjonskomiteen i Ulstein