Til midlertidig stilling for sommarsesongen 2021 søkjer vi ein sommarvert i 100% i perioden juni-august.

Verten skal vere Ulstein sitt anlet utad gjennom sommaren. Turistar og besøkande er dine kundar og dei skal oppleve det enkelt å finne oss, bruke oss og føle seg velkomne. Du blir «butikksjefen» i sommar-Ulstein.

ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Sørge for at mange legg turen til Ulstein i sommar
  • Tilgjengeleggjere Ulstein som reisemål
  • Promotere og koordinere reiselivsaktørane, serveringsstadene og handelsstanden
  • Vere bindeleddet mellom reiselivsaktørane, turistar og turistinformasjonen

PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

  • Initiativrik, løysingsorientert og kreativ for å nå måla dine
  • Utadvendt og deltakande

KVALIFIKASJONAR:

  • Ønskjeleg med erfaring frå kundearbeid og serviceplanlegging
  • Utdanning frå service, reiseliv, sal eller liknande
  • God kjennskap til Ulstein
  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
  • Språkleg trygg på både norsk og engelsk. Tredjespråk er også ein fordel.

VI TILBYR:

  • Dynamisk kvardag med varierte oppgåver
  • Mulegheit til å kome tett på det ulsteinske næringslivet
  • Reiselivserfaring
  • Kontorstad midt i Ulsteinvik

PRAKTISK:

  • Søknadsfrist: snarast
  • Tilsetjing: snarast
  • Spørsmål om stillinga rettast til dagleg leiar Daniel Garden
    tlf 99 71 61 93/daniel.garden@ulstein-nf.no
  • Søknad med CV sendast daniel.garden@ulstein-nf.no