UM er det næraste du kjem eit norgesmeisterskap for ungdom mellom 15 og 22 år og er det største friidrettsstemnet i Norge i innandørssesongen.
Det er påmeldt ca 460 deltakarar og 30 stafettlag. Totalt 1030 startar. Dette er omlag like mange som sist Dimna IL arrangerte UM i 2023. Deltakarane kjem frå heile landet og dei beste i landet i dei ulike klassene er påmeldt.
Møre og Romsdal er godt representert med 30 deltakarar. Flest er det frå Dimna (11), men Hareid (5), Ørsta (4), Sunndal (4), Tingvoll (2) og Surnadal (1) er også på plass.
Ringverknader
Arrangementet er verkeleg med å sette Ulsteinvik og Sunnmøre på kartet. Deltakarane har med seg trenarar, lagleiarar og heiagjeng frå heile landet, så stemnet har store ringverknader i regionen. All overnattingskapasitet på Søre Sunnmøre er stort sett booka. Det blir også ei god helg for service og handel, med shuttlebussar som går mellom hallen og sentrum.
Frivillig mobilisering
Eit så stort arrangement krev eit stort og godt apparat. Klubben mobiliserer i overkant av 200 frivillige i dagane før og under UM til alt frå rigging og klargjering av hallen, til korgberarar, vakter, kiosk og dommarar under sjølve stemnet. «Vi er utruleg heldige og har tidlegare aktive, foreldre og bygdafolk som stiller opp lenge etter at eigne born har slutta i klubben», seier leiar i UM-komiteen Trond Berg.
Ny sponsormodell
Nokre frivillige kjem også frå andre klubbar og Dimna IL ynskjer å bruke arrangementet til å bygge friidrettsmiljøet i heile fylket. Ein har derfor utfordra bedrifter til å sponse arrangementet mot at ein del av midlane går til deira lokale friidrettsklubb. Cinderella Eco Group, Brunvoll, Rem Offshore, Libra, Ulstein Betongindustri og Dimna Maskin har dermed bidratt til økonomiske tilskot til Midsund IL, Molde Olymp, Bergsøy IL, Hareid IL og arrangørklubben i tillegg til å bidra til arrangementet. «Dette er i tråd med Dimna IL sin strategi om å bidra til eit sterkt friidrettsmiljø i fylket», seier styreleiar Kjersti Kleven. «Friidretten i Møre og Romsdal er i vekst og det er ein viktig inspirasjon for heile miljøet at vi får nasjonale arrangement til regionen».
I tillegg har UM fått avgjerande støtte frå klubben sin hovudsponsor Sparebanken Møre og klubbsponsor Jets, samt kulturmidlar frå Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Jubileum
Arrangørklubben Dimna hadde i desember 50 års jubileum og UM er ein del av feiringa. Men det er også 10 år sidan Ulsteinhallen stod ferdig og gjorde slike arrangement mogleg. UM var også den store elddåpen for hallen og klubben på nyåret 2015. Årets UM er det femte nasjonale stemnet på desse åra, i tillegg til Karsten Warholm Invitational, i samarbeid med Team Warholm. Sportsleg leiar i Dimna IL, Arve Hatløy, seier det slik: «Ulsteinhallen har blitt eit kraftsenter for friidretten i Møre og Romsdal. Det er eit godt samarbeid mellom kretsen, klubben og idrettslinja ved Ulstein vidaregåande skule som tener alle partar svært godt. På denne måten får vi også ein nasjonal posisjon.»
Mediasamarbeid med Høgskulen i Volda
UM blir direktesendt via streaming. For å kunne gjennomføre ein så omfattande tv-produksjon, har klubben alliert seg med mediastudentar ved Høgskulen i Volda. Studentane får ei unik trening i å produsere direktesendt tv, både bak og framfor kamera. Høgskulen i Volda skal også assistere NRK under ski-VM i Trondheim i februar, så UM blir ei perfekt oppvarming for studentane.
DETTE gler vi oss til!
Vedlagde foto: Dimna IL/Jens Inge Ringstad