Saman med Ulstein kommune og Skaparhuset skal vi spreie kunnskap om berekraftig utvikling innan bygg, anlegg og eigedomsforvalting.
Vi arrangerer kurs, foredrag og workshopar i samarbeid med det regionale næringslivet, kommunar og næringsforeiningar. Vi ønskjer å vektleggje BREEAM-sertifisering, sirkulærøkonomi og materialgjenbruk. Vi håper at tiltaket skal motivere næringslivet til å levere bygg, anlegg og eigedomsforvaltingstenester som er enda meir klimavenlege enn i dag. I framtida vil det truleg komme endringar i regelverk, kompetanse, anbodskriterier eller andre endringar som gjer at det vil oppstå større krav og vilje til å kjøpe berekraftige og klimavennlege tenester i desse bransjane.
Vi trur at dette vil styrke konkurransekrafta for desse næringane overfor offentlege kundar, samt gjere dei i stand til å delta i offentlege anbod. Vidare håper vi at den kunnskapen som vert kommunisert gjennom dette prosjektet skal kunne overførast til andre næringar. Om ønskeleg kan prosjektet utvidast til andre bransjar og prosjekt.
5. og 26. september 2024, altså første og siste torsdagen i september, er heile byggnæringa på Søre invitert til fagdagar på Skaparhuset. Dagane vil ha ulikt innhald, men begge vil ha klimatilpasning, gjenbruk, offentleg innkjøp og synergiar mellom offentleg og privat næring som sentrale tema. Les meir her!
GRATIS PÅMELDING