Reiselivet på Ytre Søre Sunnmøre, definert som kommunane Ulstein, Herøy, Hareid, Sande og Vanylven, er fragmentert og med eit behov for meir samhandling mellom aktørane.
Målet for prosjektet er at det skal samle regionen i ei felles satsing på reiseliv. Prosessen skal knytte aktørar med felles interesser saman, og å skape nye aktivitetar og opplevingar for turistar i, og på tvers av, kommunane.
Nosituasjon for reiselivet på ytre Søre
«Reiselivet på ytre søre er fragmentert med behov for meir samhandling mellom aktørane. I Prosjektet utviklar reiselivsaktørane nye og eksisterande produkt i felleskap, slik at regionen kan utvikle og betre utnytte sitt potensiale som reisemål. Prosjektet skal skape nye produkt, samarbeid og arbeidsplassar, og skal styrke regionen sin plass i den norske reiselivsatsinga. Prosjektet skal lede til ein fase 2, eit langsiktig sjølvstendig prosjekt basert på aktivitetane og resultata i fase 1» (Frå søknad til fylket).
Kva handlar prosjektet om?
- Samarbeid på tvers av kommunegrenser
- Produkt -og destinasjonsutvikling
- Nye produkt
- Kommersialisering av produkt
- Sette saman fleire produkt til pakkar
- Mobilisering av eksisterande aktører
- Skape nye aktørar
- Bli ein tydeleg aktør i reiselivssatsinga i Noreg
Forprosjekt består av:
- Verkstadsamlingar
- Heimelekser mellom samlingane
- Sluttrapport
- Klargjering av søknad fase 2
Målgrupper for prosjektet:
- Profesjonelle næringsaktørar
- Frivillege lag og organisasjonar (td. idrettslag, sykkelklubb, kajakklubb, ornitologisk foreining, historielag med fleire)
- Næringsforum
- Bygdelag (Flø, Runde, Brandal, Sandsøya mm)
- Rådmannsgruppe, Ordførarar og eventuellt andre folkevalde
Mål for prosjektet:
- Minimum 30 nye produkt / opplevingar
- Minimum 5 lokale prosjektgrupper i regionen som skal jobbe aktivt med å utvikle lokalt reiseliv
- Minimum 5 regionalt gjennomgåande produktpakkar
- Utviklast minimum 5 matopplevingar
- Etablerast minimum 20 ulike samarbeid mellom aktørane i regionen