Spring Trainee er ei plattform for å matche unge, kunnskapsrike og motiverte nyutdanna med Søre Sunnmøres mest innovative og framtidsretta bedrifter. Det er eit springbrett til ei spanande karriere i regionen, og ein veg inn i lokalsamfunnet. Målsettinga er å synleggjere dei fantastiske moglegheitene som finns på Søre Sunnmøre, og sørgje for at fleire ser hitover når dei skal velje ein stad å leve livet sitt.

Ein samfunnsutviklar for regionen

Mange unge i dag er ikkje klar over mangfaldet som finns i regionen både når det kjem til karrieremoglegheiter og fritidstilbod. Difor ønskjer vi å utvikle historia om kven vi er på Søre Sunnmøre, og vise veg inn i ein spanande, meiningsfull og utfordrande arbeidsmarknad og ei fritid som ein kan forme akkurat slik ein ønskjer.  Spring Trainee skal ha ei rolle som samfunnsutviklar gjennom å spisse det faglege innhaldet etter behova i regionen og sørgje for at vi er godt rusta i møte med framtida.

Traineeåret

Eit kull med traineear vil ha eit løp på eit år og skal vere tilsett i ei bedrift på Søre Sunnmøre gjennom heile perioda. Gjennom året skal det vere fleire samlingar – både faglege og sosiale. Det er avgjerande for trivsel og varig busetting at traineeane vert kopla tett på regionen. Det skal fasiliterast gode arenaer for traineeane å møte næringslivet og etablere gode nettverk. Samtidig skaper vi eit sosialt nettverk omkring traineeane, og har fokus på å skape gode relasjonar. Denne balansen mellom fagleg og sosialt innhald er nettopp det som gjer traineeprogram attraktive for unge.

 

Sjekk ut: www.springtrainee.no

Prosjektet er finansiert av vår hovudsamarbeidspartnar, Sparebanken Møre, og Møre og Romsdal fylkeskommune.